Snøhetta Foto

Om

Snøhetta Foto viser naturbileta til Bjarne Fossøy.
Motiv som eg likar best å fotografere er natur med landskap, dyr, fuglar og blomster frå fjellet. Med Dovrefjell, Rondane og Romsdalsfjella like i nærleiken blir motiva mange, og kamera og objektiv tynger i sekken på turar i fjella til alle årstider. Dovrefjell med Snøhetta har moskus, villrein og mange andre motiv.
Mitt Canon-kamera er med på alle turar, så det blir bilde også frå andre stader i Noreg. Av og til blir det eit godt bilete! Fram til 2000-2001 brukte eg lysbildefilm, og sidan på 1970-talet har kameramerket vore Canon. Så vart det digitale kamera, og biletet på framsida er frå 2002, fotgrafert med Canon G1.
Biletsamlinga til Snøhetta Foto vil bli stadig oppdatert med nye bilete og nye tema utover i 2012!
Rune Fossøy, Roger Fossøy  og Knut Brustuen, har også bilete på denne heimesida.
Boka Til Dovrefjell faller av Jon Nestavoll (2010) er illustrert med fotografier av oss i Snøhetta Foto.

Snøhetta Foto
Bjarne Fossøy
F. 1944 i Luster. Har vore lærar i barne og ungdomsskulen blant anna på Lesja fram til 1997. Han var dagleg leiar av Snøhetta forlag a.s. fram til 2015. Han har hatt naturfotografering som hobby sidan på 1960-talet.
ADR: 2665 Lesja
Epost: bfo@snohetta.no
Tlf: 911 14 646

Roger Fossøy
F. 1979 i Luster. Han er snikkar og har fleire overvintringar på Svalbard. I 2006-2007  overvintra han sammen med Ingvild Lakseide i Mushamna som fangstfolk. Båe to er aktive hundekøyrarar og har delteke i mange løp, blant anna Femundsløpet og Finnmarksløpet. Sjå: http://rogerfossoy.wordpress.com
Roger har eit rikt biletarkiv frå natur og dyreliv på Svalbard.
Adr: Alta
Tlf: 98474799
Epost: roger.fossoy@gmail.com

Rune Fossøy
Rune f. 1971 på Lesja. Han er adjunkt med opprykk og har arbeidd  i vidaregåande skule på Tingvoll, og for tida på Steinkjer vidaregåande og underviser blant anna i kjemi og biologi. Han har drive med natufilming og fotografering i mange år, og blant anna vist film om villreinens brunstkamp på NRK 1, Ut i naturen. Sjå http://www.villrein.no/ En dramatisk villreinkamp.
Adr:
Helgesvei 38
7716 Steinkjer
Epost: rune.fossoy@NTFK.NO
Tlf: 905 92 684

Knut Brustuen
Storrustvegen 4
2670 Otta
Epost: knutbru@hotmail.com
Tlf: 928 00 782